NVE har gått ut med raudt flaumvarsel i vårt distrikt.

Det er alt mykje vatn i vassdraga, og meir regn er venta.
Konsekvensar av raudt varsel er at det kan verta omfattande oversvømmelsar, erosjonsskader og flaumskader på utsette stader, og føra til stengde vegar og bruer.
Rådet frå NVE er å halda seg oppdatert på situasjonen, halda seg unna elver og bekkar med stor vassføring og sikra og flytta verdiar du veit kan stå utsette til for flaum.
Vaksdal kommune ber innbyggjarar sjekka at bekkar og kummar kring eigedommane er frie for kvstar, lauv og anna som kan hindra vatnet i å renna så fritt som mogleg.
Kommunen fylgjer situasjonen tett, og gjer førebyggjande tiltak for å sikra kommunal infrastruktur.

Sist oppdatert: 11.11.2022
Publisert: 11.11.2022