HjemNyheiterNy tidsrekning for Vaksdal kommune!

Ny tidsrekning for Vaksdal kommune!

Pressemelding.

Vi kan endeleg sjå fram til byggjestart

Gjennom Kommunal og Distriksdepartementet (KDD) sitt vedtak om reguleringsplan for K5, kan vi endeleg sjå fram mot byggestart. Dette betyr at alle som ferdast på E16 og med tog om få år gjer dette trygt i tunnel. Den ras og ulukkesramma veg og banetraseen Arna - Stanghelle vil bli historie.

Vaksdal kommune er særs nøgd at B2-alternativet vart vald

K5 er eit enormt nasjonalt prosjekt med store lokale moglegheiter. Vi bur oss på å vera vertskap for eit milliardprosjekt, og arbeider no med tilrettelegging og planlegging for anleggsperioden. Kommunen er særs nøgd med at alle høyringspartar vart høyrt og at reguleringsplanen valde B2 alternativet med veg i Tolåsen. Vaksdal kjem endeleg ut av planskuggen og vi gler oss til å utvikla og bygga stasjonsbygdene våre for ei ny framtid.

Ein vedteken reguleringsplan gjer og til at våre innbyggjarar som vert råka av prosjektet no får rettar og ei meir føreseieleg framtid. Vi skal gjere vårt til at kommunen vert ein god kommune å bu og arbeide i, sjølv etter at dei siste anleggsmaskinene er reist.

Takk til prosjektleiinga for K5

I dag er det og viktig for oss i Vaksdal kommune å rette ein stor takk til prosjektleiinga for K5, og til alle støttespelarar for K5 Arna – Stanghelle. Ny E16 og Vossebane er eit rassikringsprosjekt, og eit prioritert prosjekt for heile regionen vår grunna alle ras og ulukker som har ramma.

Landets mest spanande samferdselsprosjekt vil frå 2024 byggjast i Bergen og Vaksdal - vi gler oss!


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 01.04.2022