HjemNyheiterNye nasjonale smitteverntiltak frå 4.januar

Nye nasjonale smitteverntiltak frå 4.januar

Basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa bestemt å forsterke smitteverntiltaka og justere dagens nasjonale anbefalingar.

Målet med desse forsterka smitteverntiltaka er å hindre ei oppblomstring av smitte etter at mange har vore på reise og treft andre menneske enn sine aller nærmaste i jula.

Trykk her for å få oversikt over alle dei nasjonale reglane og anbefalingane.

Ein regel er forskriftsfesta og skal følgast. Brot på reglane er straffbart.

Kva betyr dette for oss i Vaksdal?

Institusjonanen våre

Institusjonane våre blir stengd for besøk. Pårørande til bebuarar i siste fase av livet kan framleis komme på besøk. Dei gjer avtale med personalet på sjukeheimen.

Raudt nivå i ungdomsskulen

Det blir innført raudt nivå for smittevern i ungdomsskular og vidaregåande skular. Elevar og føresette blir informert direkte frå skulen.

Kulturskulen

Elevar og føresette blir informert direkte frå kulturskulen.

Idrett- og kulturarrangement

Vi anbefaler at oppstart av all organisert fritidsaktivitet, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livsynssamlingar innandørs, også for barn og unge, blir utsett til etter 18. januar.

Kommunale lokale er stengd for fritidsaktivitetar dei neste to vekene.

Bruk munnbind når du ikkje kan halde meteren

Vaksdal kommune anbefaler at både tilsette og kundar brukar munnbind på butikkar og andre offentlege plassar der det er fare for at du ikkje kan halde 1 meter avstand.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 04.01.2021