HeimNyheiterNytt helsebygg i Vaksdal

Nytt helsebygg i Vaksdal

Prosjektet er i gang og no startar rigging og rivearbeid.

Dette medfører anleggstrafikk i bustadområde på Jamne og rundt. Rivearbeidet er venta ferdig  i november.  Grunnarbeidet vil halde fram til februar 2022 og deretter startar byggearbeidet. Prosjektet har planlagt ferdig våren 2023.

Byggearbeidet vil føre til økt trafikk på vegar merka med gult i kartet . Tryggleiken i området, og særleg skulebarna, vert tatt omsyn til.

Desse tiltaka vert sett i verk for å ivareta tryggleiken:

  • Tungtrafikk skal i størst mogeleg grad gå via Jamne for å avgrense kjøring i bustadområdet
  • Transportørar skal i størst mogeleg grad unngå transport i bustadområdet i tidsrommet 07:00-07:50
  • Alle firma som vert engasjert i prosjektet vert informert om omgjevnadane og kva køyreveg som skal nyttast til prosjektet – med skulebarn i fokus

Det er montert byggegjerde som sperrer av anleggsområdet. Byggeplassar er spennande, og vi ber alle om å respektere barrieren som er satt opp (merka med blått i kartet).

Arbeidet vil i all hovudsak skje mellom klokken 07:00 og klokken 17:00, måndag til fredag.

Kart over anleggsområdet for Vaksdal helsebygg


Sist oppdatert: 29.09.2021
Publisert: 27.09.2021