Nytt kommunestyre på plass

Tysdag 17.oktober var det konstituerande kommunestyremøte i Vaksdal.Hege Eide Vik blei attvald som ordførar, og Kjartan Haugsnes som varaordførar. Etter konstitueringa følgde to dagar med KS sitt folkevaldprogram for heile kommunestyret.
Publisert: 20.10.2023
Sist endra: 20.10.2023
Ordførar Hege Eide Vik
- Eg vil takka innbyggjarar og kommunestyret for tilliten når eg no tar fatt på fire nye år som ordførar i Vaksdal kommune. Kjartan Haugsnes held fram som varaordførar, og eg vil gratulere han med vervet.
- Eg ynskjer nye og erfarne folkevalde velkomne til godt samarbeid i kommunestyret dei neste fire åra. Det var lagt til rette for ein god start på perioden med to dagar dedikert til KS sitt folkevaldprogram. Gode arbeidsøkter med refleksjonar rundt alle sider av rolla vår som folkevalde vart gjennomført på ein trygg og god måte av dyktige prosessrettleiarar.