HjemNyheiterNytt omsorgsbygg i Vaksdal

Nytt omsorgsbygg i Vaksdal

Vi har landa på eit konsept beståande av eit nybygg som inneheld:

  • Fem omsorgsleiligheiter
  • 18 leilegheiter i bukollektiv
  • Dagsenter
  • Vinterhage 

I tillegg blir det lagt inn rom for støttefunksjonar. Den nye bygget vert samankopla med eksisterande Vaksdal ressurssenter. Det blir og nokre mindre ombyggingar, samt nytt vaskeri i ressurssenteret. 

Bebuarane på Jamnetunet

Bebuarane på Jamnetunet skal vi ta godt hand om. Me har vore i direkte kontakt med alle bebuarane i dei kommunale bustadane på Jamnetunet om planane og prosessen vidare. Alle bebuarane får ein person i helse og omsorg som vil halde kontakt med dei gjennom heile prosessen. Me er og i gong med å finne nye bualternativ, og vi vil sikre god dialog og prosess ved flytting.

Prosjektstart

Prosjektet vart godkjent av Husbanken før årsskiftet, og vi skal lyse ut tilbodskonkurranse i mars. Tilbod skal føreligge i juni, og vi planlegg å inngå kontrakt med entreprenør før sommaren 2021. Rivearbeida startar seinast i august, og byggearbeida startar innan 1.oktober 2021.

Byggeprosjektet skal være ferdig våren 2023, og er då klart for innreiing og innflytting.

Trykk her for å sjå  skisser av fasaden på bygget.

Trykk her for å sjå skisse over 3. etasje.

Trykk her for å sjå landskapsplan.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 26.02.2021