HjemNyheiterNytt ras på Geitabakken i kveld

Nytt ras på Geitabakken i kveld

Vi har i kveld fått melding frå June Espeland om eit nytt ras på Geitabakken. June bur like i nærleiken, og kan fortelje at det buldra bra.
Publisert: 22.05.2024
Sist endra: 22.05.2024

June Espeland har teke bilete nedanfrå fotballbana no i kveld.

Biletet viser at det ikkje har komme meir massar ned på fotballbanen.

Geolograpporten etter det store raset tidlegare i år var tydeleg på at det framleis er fare for nye ras på området, og June er tydeleg på kor rett og viktig det er at banen er heilt stengd.

Vi minner igjen om at ingen må passere forbi sperringane på området.