HeimNyheiterOffentleg høyring om ny forskrift om handtering av hushaldsavfall

Offentleg høyring om ny forskrift om handtering av hushaldsavfall

Gjeldande forskrift er frå 2014. Formannskap/planutval har vedtatt å legge utkast til ny og oppdatert forskrift ut på høyring. Frist 1.12.2021.

Ny forskrift vidarefører for ein stor del gjeldande forskrift, men inneheld nødvendige oppdateringar og endringar som følgje av nye lovkrav til avfallshandtering, og er tilpassa eigne målsetjingar i kommunane m.a. knytt avfallsreduksjon og materialgjenvinning.  

Nytt punkt i § 3-2 gjeld oppsamling, innsamling og transport av hushaldsavfall som er nytt for fleire kommunar. Kommunen ber særskilt om innspel til dette punktet. Kommunestyret skal vedta ny forskrift i desember. Ny forskrift vert gjeldande frå 2022.

Trykk her for å opne ny forskrift om handtering av hushaldsavfall.

Høyringsfrist er 01.12.2021.

Innspel kan sendast på epost til  post@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 13.01.2022
Publisert: 05.11.2021