Omval i Moss
Skal du røysta i omvalet i Moss?
👉 Det skal avviklast omval i Moss kommune, i fylkestingsvalet til nye gamle Østfold fylkeskommune. Det er mogleg å førehandsrøyste også i Vaksdal.
👉 Valdagen er måndag 27. november, men då er vallokala berre opne i Moss kommune. I førehandsrøysteperioden innanriks kan du derimot røysta i heile landet, frå og med måndag 13. november til og med fredag 24. november.
👉 Under førehandsrøysteperioden innanriks kan veljarane kontakte kva kommune dei vil for å avtala tidspunkt for å røyste. Ta helst kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt, for å vere sikker på at det er valmedarbeidar tilstades som kan ta i mot røystesetelen. Hugs å ta med deg legitimasjon.
👉 Sannsynlegvis vil det gå bra å stikka innom innbyggarservice for å røyste, når som helst mellom klokka 09.00 og 15.00 frå og med måndag 13. november til og med fredag 24. november.
👉 Har du behov for å røyste heime kan du ta kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt. Frist for å søke om dette er 22.november.
OBS! Du må stå i manntallet for Moss
👉 Men du må stå i manntalet for Moss for at røysta di skal telja, og vore folkeregistrert der i sommar då manntalet vart tatt ut.