HjemNyheiterBarn og unge er velkommen til Hesjedal gard

Barn og unge er velkommen til Hesjedal gard

Besøk på Hesjedal gard er eit gratis tilbod til barn og unge mellom 10 og 16 år.
Publisert: 17.06.2024
Sist endra: 18.06.2024

Du treng ikkje melde deg på, men meld gjerne frå om du har allergier. Då kan dei leggje tilrette for deg.

Om Hesjedal gard

Hesjedal gard ligg fint til øverst i Hesjedalen, på Stamnes.

Her driv dei med sau og hunder, og har hester, høns og katter.

Det er Elisabeth og Sturle som driv garden, og dattera Ina er med og har aktivitetar med hestane.

Garden har ei lita ridebane og mykje fint turterreng som besøkjande kan nytte seg av.

Aktivitetar på garden
  • stell av hester, riding, og stallarbeid
  • tur/trening med hunder
  • foring og stell av sauer og lam, katter og høns
  • vere saman med andre barn og unge
  • delta på ulike gardsaktivitetar
  • i stallen har dei «saloon», eit oppvarma rom, der det er tilgang på ulike spel, og litt matservering
Opningstider på garden

Garden har ope onsdagar frå kl 16.30-19.30.

OBS! Veke 25 er arrangementet tysdag 18. juni, ikkje onsdag 19. juni.

Garden følgjer skuleruta, men har ope nokre onsdagar i sommarferien.

Dagar som er ope i sommarferien er:

  • 03.07
  • 10.07
  • 17.07
  • 07.08
  • 14.08
Hugs å kle deg etter været

Dersom du ønskjer å vere med på aktiviteter ute, og aktivitet med dyra, må du hugse å kle deg etter været.

Det er ikkje nødvendig med påmelding, men dersom du vil ri er det fint om du kan gi beskjed om det.

Dei har matservering og treng å få beskjed om matallergier.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål, ta kontakt med Elisabeth på telefon 905 57 261.

Adressa til garden:
Hesjedalsvegen 160, 5727 Stamnes.

Open møteplass er eit gratis tilbod til barn og unge i samarbeid mellom Inn på tunet Norge, Bufdir og Vaksdal kommune.