HeimNyheiterOppfordring om å unngå reiser til Bergen som ikkje er nødvendig

Oppfordring om å unngå reiser til Bergen som ikkje er nødvendig

I samband med det auka smittetalet i Bergen oppfordrar vi innbyggjarane i Vaksdal kommune til å unngå reiser til Bergen som ikkje er nødvendig dei neste 10 dagane.

Reiser du kollektivt i Bergen, anbefaler Bergen kommune reisande om å bruke munnbind på buss og bane i rushtida. Du treng ikkje medisinsk godkjente munnbind, og barn skal ikkje bruke munnbind.

Vi ber og tilsette i kommunen som bur i Bergen, og kan jobbe på heimekontor, om å jobbe heimefrå så langt råd er.

Vi minner og alle om gode vanar som førebyggjer smitte :

  • Nok avstand (minimum 1 meter)
  • Unngå å handhelse
  • Ha god handhygiene
  • Bruk papirlommetørkle eller olbogekroken framfor munn og nase når du må hoste eller nyse
  • Bli heime om du er sjuk

Sist oppdatert: 08.09.2020
Publisert: 08.09.2020