HjemNyheiterOpprop - Nei til krig, ja til demokrati

Opprop - Nei til krig, ja til demokrati

Den russiske krigen og invasjonen av Ukraina fører til enorme lidingar for det Ukrainske folk. Millionar av Ukrainarar er internt fordrivne og på flukt. Den største humanitære katastrofen i Europa sidan krigane på Balkan på 90 - talet er eit faktum.

I skrivande stund har over tre millionar sivile greid å flykte til nabolanda. Dette går sterkt innpå oss alle.

Vi vil med dette oppropet seie klart i frå til regjering og storting - og det internasjonale samfunnet, at Vaksdal kommune er klar til å vere med på dugnaden for å hjelpe menneske på flukt saman med dei andre kommunane i Noreg.

Vi har ei plikt til å hegne om demokratiet og dei grunnleggjande menneskerettane. Krigen og invasjonen av Ukraina må stanse umiddelbart.

Vaksdal kommune løyver og 50 000 kroner til organisasjonen Redd Barna sitt arbeid i Ukraina. Vi oppmoder alle andre kommunar til og å støtte ulike hjelpeorganisasjonar sitt arbeid ved grensene og frontlina i Ukraina.

Vaksdal kommune vil til slutt oppmode alle om å ta godt vare på menneska rundt oss, om dei er frå Ukraina eller Russland. Dei som ikkje har skuld i krigen skal heller ikkje bere børa med den.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 01.04.2022