Parkerer du køyretøy eller lagrar utstyr på kommunal veg og grunn?
Feilparkering kan få konsekvensar for liv og helse
I ytterste konsekvens kan dette få betydning for liv og helse. Trafikktryggleiken blir redusert, og det kan gjere at naudetatane ikkje kjem fram.
Køyretøy, båtar og anna kan fjernast av kommunen
Dersom køyretøy utan kjennemerke påverkar trafikktryggleik eller framkomelegheit, eller hindrar drift- og vedlikehald, kan kommunen eller politiet fjerne desse utan varsel. Det same gjeld båtar, hengarar, campingvogner og anna privat utstyr utan kjennemerke.
Om kommunen vurderer at fjerning av køyretøy eller utstyr med kjennemerke er naudsynt, vil vi alltid forsøke å varsle eigar først. Unntaket er køyretøy eller privat utstyr som er parkert eller lagra i strid med skiltreglane. I slike tilfelle kan køyretøy og utstyr med kjennemerke fjernast utan varsel.
Kommunen og politiets rett til å fjerne køyretøy m.m. er heimla i Vegtrafikklova §37.