Ras ved Geitabakken

Ras ved Geitabakken fotballbane på Dale. Oppdatert 28.3. kl 19.45.
Publisert: 27.03.2024
Sist endra: 01.04.2024
Oppdatering 28.3. kl 19.45

I ettermiddag gjekk eit nytt ras ved Geitabakken fotballbane. No er eit større område sperra av. Vi ber om at alle har respekt for sperringane som er sett opp. Det kan vere farleg å gå innanfor desse.

Oppdatering 27.3 kl 20.00
Det kjem geolog til området søndag.
Vi ber om at alle har respekt for sperringane som er sett opp. Det kan vere farleg å gå innanfor desse.
Oppdatering 27.3 kl 12:40:
Vi oppmodar til å halde seg unna rasområdet på grunn av mogleg fare for nye ras. 
I natt kl 03:40 har det gått eit ras ved Geitebakken fotballbane.
Fotballbanen blir stengd for bruk fram til geolog kan gi ei vurdering av situasjonen.