Raset ved Geitabakken

Det er framleis stor rasfare ved Geitabakken
Publisert: 01.04.2024
Sist endra: 01.04.2024

Geolog var på staden i går, og stadfesta at det framleis er stor rasfare på staden.

Når vi får fullstendig rapport frå geolog, om 1-1,5 veke, vil vi vurdere kva som skal skje vidare.  

Vi ber om at alle har respekt for sperringane som er sett opp. Det kan vere farleg å gå innanfor desse.