HjemNyheiterRegistrere positiv hurtigtest

Registrere positiv hurtigtest

Registrer positiv hurtigtest

Dersom hurtigtesten din er positiv er det viktig at vi får beskjed.

Trykk her å registrere positiv hurtigtest.

Isoler deg

Har du testa positivt på korona skal du vere i isolasjon i fire døgn.

Tida vert rekna frå tidspunktet då symptoma starta. Om du ikkje har symptom skal du vere i isolasjon i fire døgn frå testdato.

Smitta personar som har symptom må i tillegg ha vore feberfri i minst 24 timar utan bruk av febernedsetjande preparat.

Du skal ikkje teste deg igjen for å avslutte isolasjon.

Trykk her for å lese på helsenorge kva regler som no gjeld.  

Varsle nærkontaktane dine

  • Du må varsle dei du har vore i kontakt med 48 timar før du fekk symptom
  • Du må varsle arbeidsplass, skule og barnehage 

Bestill PCR-test om du ikkje har tre vaksinedosar

Om du tester positivt med hurtigtest, må du bestille PCR-test. (Dette gjeld ikkje om du har tatt tre vaksinedosar eller har fått to vaksinedosar og hatt covid-19 i løpet av dei siste tre månadane).

Du bestiller PCR-test hos koronateamet på telefon 453 77 777


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 02.02.2022