HjemNyheiterRegjeringa innfører regionale tiltak frå i kveld, 3.desember klokka 21

Regjeringa innfører regionale tiltak frå i kveld, 3.desember klokka 21

Gode innbyggjarar i Vaksdal

No spreier smitten seg i stort tempo igjen. For å kunne halde trykket i spesialhelsetenesta og kommunehelsetenesta nede treng me hjelp frå dykk til å hindre spreiing. Me må ta eit steg tilbake og igjen bruke munnbind og sikre at me held avstand til kvarandre.

Situasjonen er i rask utvikling, og kommunal kriseleiing føl den tett og kjem tilbake med ny informasjon dersom det vert behov for ytterlegare tiltak.

Me er mange som hadde håpa på ein «vanleg» desember med sosiale samankomstar og kulturelle opplevingar. Eg vil oppmoda alle til å delta på og gjennomføre det som kan arrangerast innanfor reglane.

Og hugs; bruk munnbind, vask hender, hald avstand og hald deg heime om du er sjuk.

Hege Eide Vik,
ordførar


Desse regionale tiltaka vert innførte med forskrift frå i kveld. 3. desember kl 21, og gjeld inntil vidare:

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikten til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruke munnbind.
  • Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller deler av uka.
  • Antallsbegrensninger for private arrangement innadørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.
  • Tiltaka er dei same som blei iverksette for Oslo kommune og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke i går.

Trykk her for å lese heile saka på nettsida regjeringa.no

Trykk her for å lese dei nasjonale reglane og anbefalingane som kom 1. desember.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 03.12.2021