HjemNyheiterRegjeringa sin plan for opning – kva gjeld i Vaksdal kommune frå fredag 16. april

Regjeringa sin plan for opning – kva gjeld i Vaksdal kommune frå fredag 16. april

Sosial kontakt

  • Alle bør avgrense sosial kontakt.
  • Ikkje ha besøk av fleire enn fem personar. Om alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vera fleire, men ein må kunne halde avstand.
  • Oppfordring til å møte andre utandørs.

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Vaksne kan drive organiserte idretts- og fritidsaktivitetar innandørs i grupper inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst ein meter avstand. Utandørs kan vaksne drive organisert aktivitet, så lenge dei kan halde minst ein meter avstand.
  • Kommunen er i kontakt med idrettslag, kor og korps, og vil lage ein plan for oppstart av trening og øving. 
  • Har du spørsmål om trening eller andre aktivitetar, ta direkte kontakt med ditt lag. 

Private arrangement:

  • Inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år frå same kommune. 
  • Maks 100 personar på arrangement innandørs kor alle i publikum sit på faste, tilviste sitteplassar.
  • Maks 200 personer på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) viss dei sit på faste tilviste plassar, og det er to meter avstand mellom kohortane.
  • Same anledning til å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstader.

Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkebevilling

  • Kun tillatt med skjenking ved servering av mat. Skjenkestopp kl. 22.00

Arbeidsliv

  • Heimekontor for alle som kan.

Trykk her for å lese meir på regjeringa.no


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 15.04.2021