HeimNyheiterSkattelister for eigedomsskatt 2021

Skattelister for eigedomsskatt 2021

Eigedomsskatteliste for 2021 er lagt ut til offentleg ettersyn i Innbyggarservice i heradshuset og på nettsida i perioden 1.mars – 9.april.

Kommunestyret har vedteke at den generelle skattesatsen for 2021 er 7,0 promille.

For bustadeigedomar, fritidseigedomar og ubygde eigedomar til bustad og fritidsføremål, er det vedteke skattesats på 3,2 promille.

Skattytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Skriftleg klage må sendast kommunen innan 12.april 2021 og må innehalde ei nærare grunngjeving for kvifor du meiner at den fastsette taksten er feil. Klage vert avgjort av ei nemnd som kommunestyret vel.

Klagen skal sendast til :

Vaksdal kommune, Eigedomsskattekontoret

Konsul Jebsensgt 16, 5722 Dalekvam, eller på e-post til post@vaksdal.kommune.no

Trykk her for å lese eigedomskattelista for 2021.

Om eigedomsskatt

Vaksdal kommune skriv ut eigedomsskatt på alle faste eigedomar i kommunen. Alminneleg eigedomsskattesats er sett til 7 promille med unntak av eigedomsskatt for bustad- og fritidseigedomar som er sett til 3,2 promille frå 2020.

For eigedom eigd av stiftingar og institusjonar med allmennyttig formål, som er ført opp på eigedomsskattekontoret si liste av 26.02.2010, vert det i medhald av § 7a gjeve fritak for eigedomsskatt. Fritak vert og gjeve i 10 år for nye bygningar som heilt eller delvis vert nytta til husvære jf §7c. Eigedomsskatten forfell til betaling i 4 terminer saman med kommunale avgifter.

Sist hovudtaksering vart utført i 2019 og er gjeldande i ti år, eventuelle nye eigedomar og andre endringar vert justert for årleg.

Taksten for eigedomsskatt er ikkje det same som salstakst/verditakst eller skattetakst.

Data frå omsetning av eigedomar i kommunen er utgangspunkt for verdivurdering.  Eigedomane er synfart og oppmålt utvendig. Eigedomsinformasjon frå matrikkelen er lagt til grunn og det er gjort arealvurderingar av bygg og etasjar. Ulike reduksjonsfaktorar er nytta for å vurdere alder og standard på bygg (Indre Faktor) og område (Sone).  For hytter og fritidshus er det nytta reduksjonsfaktor for ulike hytteområde (Ytre faktor). Basert på dette er det utarbeida ein meir sjablongmessig verdi for ulike eigedomar i kommunen. Eigedomane er ikkje vurdert innvendig.

Privatrettslege avtaler og hefter skal ikkje vektleggjast ved taksering. Det er eigedommen som objekt som skal takserast. Kven som drar nytte av eigedommen gjennom eksempelvis private avtaler, skal ikkje vurderast. Til dømes vil ein avtale om burett eller tilkomstrett over eigedommen ikkje påverke taksten.

Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klage vert avgjort av ei nemnd som kommunestyret vel.


Sist oppdatert: 26.02.2021
Publisert: 26.02.2021