HjemNyheiterSkule og barnehage på grønt nivå

Skule og barnehage på grønt nivå

I samband med den overordna koronastrategien skal omsynet til barn og unge veie tyngst. Derfor går  skule og barnehage no over til grønt nivå.

Det vil være lokale variasjonar i tilbodet i den einskilde barnehage. Føresette blir direkte informert i eigne kanalar om kva som gjeld deira barnehage.

Styrkerommet i Turbinen opnar i morgon, onsdag 19. januar

  • Styrkerommet er ope for trening frå kl 13.00 – 22.00
  • Du som trenar må halde 2 meter avstand
  • Det kan vere maks 10 personar inne og trene samstundes

Dalebadet opnar for publikum måndag 24.januar

For å følgje nasjonale smittevernreglar må vi avgrense talet på badande, og du må melde deg på bading på førehand. Det er maks 1 familiebad pr familie i veka.

Påmelding innan kl 15.30 måndag, tysdag og onsdag på e-post til:

ole.johnny.domben@vaksdal.kommune.no

Oppsett på dagane:

Måndag:

  • Familiegruppe 1: 17.00-17.45 (max 20)
  • Familiegruppe 2: 18.15-19.00 (max 20)
  • Gruppe 3 Vaksne+ ungdom: 19.30-20.15 (max 20)

Tysdag:

  • Familiegruppe 1: 17.00-17.45 (max 20)
  • Familiegruppe 2: 18.15-19.00 (max 20)
  • Gruppe 3: Vaksne: 19.30-20.15 (max 20)

Onsdag:

  • Familiegruppe 1: 17.00-17.45 (max 20)
  • Familiegruppe 2: 18.15-19.00 (max 20)
  • Gruppe 3 Vaksne: 19.30-20.15 (max 20)

Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 18.01.2022