HjemNyheiterSlik bidreg du til Noregs beredskap

Slik bidreg du til Noregs beredskap

Foto: Ivar Kvaal / DSB
Kan du klare deg sjølv i ei veke?
Publisert: 27.10.2024
Sist endra: 27.10.2024

Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudd på å klare seg sjølve i ei veke. Då bidreg du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng mest hjelp.

Brosjyre i posten

I løpet av veke 44, eigenberedskapsveka, får alle husstandar ein brosjyre i posten med oppdaterte råd om eigenberedskap. Ta vare på brosjyren.

Vi lever i ein stadig meir uroleg verda – mellom anna som følge av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss.  

Her - på sikkerhverdag.no finn du meir informasjon om korleis du kan styrke din beredskap med mellom anna ei sjekkliste for eigenberedskap.