HjemNyheiterSlik får du ei branntrygg juletid

Slik får du ei branntrygg juletid

Uforsiktig bruk av levande lys og det å vere uoppmerksam under matlaging, er blant dei vanlegaste brannårsakene i desember.

I år er det mange som har starta tidleg med juleførebuingane. Difor er det ekstra viktig å passe på branntryggleiken i heimen. Det aller viktigaste er fungerande røykvarslarar og sløkkjeutstyr.

Komfyren er verstingen

I desember lagar vi mykje godt mat og brukar kanskje ekstra tid på kjøkkenet. Halvparten av alle bustadbrannar startar faktisk på komfyren.

- Ver alltid i umiddelbar nærleik til kjøkkenet når komfyren er på, seier avdelingsleiar for brannførebyggjande avdeling i Bergen brannvesen, Janicke Larsen.

Eit godt julegåvetips til deg sjølv eller andre du er glad i, kan vere ein komfyrvakt.

-Vi anbefaler komfyrvakt til alle, både unge og eldre. Ein komfyrvakt vil automatisk kutte straumen dersom det oppstår en brannfarleg situasjon på komfyren, fortel Larsen.

Skal du fritere mat, som for eksempel smultringar, er det lurt å ha eit lokk for handa i tilfelle ein brann skulle oppstå. Ikkje bruk vatn på olje som brenn! Eit anna tips er å reingjere filteret i kjøkkenvifta. Filter som er tette av feitt tek raskare fyr og gjer det lettare for flammene å spreie seg.

-Som tilleggsutstyr kan det vere lurt å ha eit brannteppe eller ein sløkkespray tilgjengeleg på kjøkkenet, legg Larsen til.

Pass på levende lys

Det er koseleg med levande lys i førjuls- og juletida, men plasser aldri tente lys i nærleiken av brennbart materiale, eller i dekorasjonar med tørre materiale.

-Ein god regel er å alltid blåse ut lyset når du forlèt rommet. Ein skal kanskje berre ein rask tur ut, men plutseleg har ein gløymt heile lyset! Gå gjerne ei runde før du legg deg for å sjekke at alt er blåst ut, seier Larsen.

Ho anbefaler branntrygge lys med batteri.

Sjekk julebelysninga!

Hentar du fram gamal julebelysning frå loftet må du sjekke at denne verkar som den skal og at det ikkje er slitasje eller kutt i leidningane. Belysning som skal brukast utandørs må vere spesielt eigna til dette formålet, det same gjeld for skøyteleidningar. Ein skøyteleidning for innandørs bruk kan føre til straumgjennomgang, jordfeil og andre skadar om den brukast ute. Utandørs lys skal pluggast i stikkontaktar som er montert ute. Leidningar må ikkje klemmast i dør- eller vinduskarmar, då kan kabelen ta skade.

– For å vere på den sikre sida er det lurt å slå av all julebelysning om natta og når du ikkje er heime, seier Larsen. 

Brannvesenets juletips

  • Sjekk røykvarslarane ein gong i månaden og kvar gong du kjem heim frå reise. Gjer det til ei vane å byte batteri 1. desember på Røykvarslardagen.
  • Sjekk at sløkkeutstyret fungerer og at du veit korleis du skal bruke det
  • Ha brannøving i heimen. Har du tenkt over situasjonen på førehand, er du mykje betre førebudd om det byrjar å brenne.
  • Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installer gjerne komfyrvakt.
  • Gå aldri frå eit rom med levande lys og aldri set eit tent lys nær gardiner eller brennbar julepynt. Unngå å bruke brennbare lysestakar.
  • Sjekk alltid ein ekstra gong at alle levande lys er sløkt før du legg deg eller går ut av huset
  • Slå alltid av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime.
  • Røyk aldri medan du ligg på senga eller i sofaen, og ikkje kast oske direkte i avfallet. 

Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 10.12.2020