Søknad om straumstøtte for organisasjonar - frist 16.november
Søknadsfristen er 16. november klokka 13.00.
No kan du søke straumstøtte for perioden juli til september 2022. Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betale ut straumstøtte fortløpande.
Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden.
Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.
Kven kan søke?
Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:
- Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
- Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret.
Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden. - Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret:
Kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda.
Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats.
Trykk her for å lese meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke.
Sist oppdatert:
26.10.2022
Publisert:
26.10.2022