Søknadsfrist for tilskot til bygdeutvikling 30.september

No er det ny søknadsfrist for tilskot, og me vonar at midlane kan føra til nye positive tiltak som kan auka trivselen i bygdene. 

I vår delte Bygdeutviklingsutvalet ut kr 290.000 til ulike gode formål i kommunen. Her er eksempel på nokre av dei som fekk tilskot: 

  • Stamnes idrettslag - innkjøp kajakkar og padlekurs
  • Stanghelle kultur - lokale musikkarrangement
  • Bergsdalen  ungdomslag - utvendig opprusting av «Ungdomshuset Fjellheim»
  • Vaksdal barne- og ungdomskorps – Arrangement VBUK LAN-21

Kommunestyret har i budsjett for 2021 sett av kr. 500 000,- til bygdeutviklingsmidlar.

Send inn søknad snarast, og seinast 30. september 2021.

Trykk her for å lese meir om kva du kan søkje midlar til, kva søknaden må innehalde og retningslinjer for tilskot.


Sist oppdatert: 13.01.2022
Publisert: 13.09.2021