HjemNyheiterSommarjobb - tilskot til private bedrifter

Sommarjobb - tilskot til private bedrifter

Vi ønskjer å stimulere til at fleire ungdomar i Vaksdal kommune får sommarjobb. Har din bedrift høve til å gi arbeid til ein eller fleire unge mellom 16 og 18 år ? Då kan du få dekka kr 100,- pr time, opp til 75 timer pr ungdom.

Dette må du gjere om du vil nytte tilbodet:

  • Før oppstart: Meld inn detaljer om verksemda (organisasjonsnummer, adresse, kontonummer til verksemda), tal personar og signerte arbeidsavtalar innan 15.juni. Då vil du få førehandsgodkjenning frå oss dersom du er kvalifisert og det er midlar igjen. (Max kr 7.500,- pr person).
  • Etter du har fått førehandsgodkjenning og avslutta sommarjobb: Send inn kopi av lønsslipp med dokumentasjon på utbetalt løn til oss innan 31.august, og du vil få oppgjer i september.

Du må sende dokumenta til oss med sikker elektronisk sending (eDialog).

Trykk her for å komme til eDialog på kontaktsida til kommunen.

Lurer du på noko, ta kontakt med økonomisjef Kenneth Stokke.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 21.04.2023