Sørg for trygg bålbrenning på jonsok
Har du planar om å brenne jonsokbål? Hovudregelen er at det tillate å tenne opp bål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale.
Publisert:
21.06.2024
Sist endra:
21.06.2024
Følg desse råda for trygg bålbrenning:
- Ta omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve
- Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å få løyve frå grunneigar
- Det er alltid den som brenn bål som har ansvar for branntryggleiken
- Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegetasjon
- Ikkje gjer opp eld på svaberg eller bart fjell. Dette gjev varige skader.
- Bålet skal kun byggast av reine treprodukt. Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna boss
- Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det, og kan sløkkje det ved behov
- Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull
- Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
- Ha rikeleg med sløkkjevatn lett tilgjengeleg
- Ein edru, ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet sløkkjast heilt før ein forlèt plassen
Du treng ikkje søkje kommunen om løyve til å brenne jonsokbål.