HjemNyheiterSørg for trygg bålbrenning på jonsok

Sørg for trygg bålbrenning på jonsok

Har du planar om å brenne jonsokbål? Hovudregelen er at det tillate å tenne opp bål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale.
Publisert: 21.06.2024
Sist endra: 21.06.2024

Følg desse råda for trygg bålbrenning:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve
  • Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å få løyve frå grunneigar
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvar for branntryggleiken
  • Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegetasjon
  • Ikkje gjer opp eld på svaberg eller bart fjell. Dette gjev varige skader.
  • Bålet skal kun byggast av reine treprodukt. Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna boss
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det, og kan sløkkje det ved behov
  • Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
  • Ha rikeleg med sløkkjevatn lett tilgjengeleg
  • Ein edru, ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet sløkkjast heilt før ein forlèt plassen

Du treng ikkje søkje kommunen om løyve til å brenne jonsokbål.