Stanghelleseminaret 2021 – onsdag 20. januar 2021 kl 08.00
Stanghelleseminaret er arrangert av Vaksdal kommune og Vaksdal Næringsselskap med støtte frå Osterfjord Næringssamarbeid. Seminaret vert leia av Harald Stanghelle og handlar om den viktige prioriteringa av K5 - ny E16 og Vossebane i arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP). Stortingspolitikarane frå Hordalandsbenken og Transport- og kommunikasjonskomiteen er invitert til å delta.
Seminaret blir strøyma, og kan følgast frå kommunen sin nettside, Facebookside, og på stanghelleseminaret.no.
Program:
-
Velkomen – ordførar Hege Eide Vik, Vaksdal kommune
-
Harald Stanghelle innleier
-
Status i prosjektet - Gunnar Søderholm, prosjektleiar Statens vegvesen
Innleiarar
-
Fylkesordførar Jon Askeland, Vestland fylke
-
Ordførar Marte Mjøs Persen, Bergen kommune
-
Ordførar Hans-Erik Ringkjøb, Voss Herad
-
Hilde Magnusson, dagleg leiar Forum nye Bergensbanen
-
Ordførar Hege Eide Vik, Vaksdal kommune
Harald Stanghelle oppsummerer og leier oss inn i ordskifte
Ordskifte med høve til spørsmål og innlegg.
Harald Stanghelle oppsummerer og avsluttar.
Harald Stanghelle deltar frå Oslo denne dagen, medan innleiarane er samla på Hotell Terminus i Bergen.
Vaksdal Formannnskap og ordførar Kjetil Eikefet, Modalen kommune, og ordførar Lars Fjeldstad, Osterøy kommune, er også til stades i Bergen. Alt fysisk oppmøte vert handtert etter gjeldande smittevernreglar.