Startar opp igjen ved Dalseidtunnelen

– Arbeida skjer i områda over tunnelopninga på Dale-sida. Vi skal setja opp skrednett og sikra området med reinsking og bolting, seier byggjeleiar Åge Fanebust i Statens vegvesen.

Arbeida starta på ettersommaren 2021, og skal etter planen vera ferdig til 1. juli i år.

For trafikantane kan det bli venting i inntil 30 minutt i arbeidstida som er frå 07.00 - 19.00 måndag – torsdag.

Trafikken vil bli styrt med dirigent, og ledebil gjennom arbeidsområdet og den 1809 meter lange tunnelen.

– Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane. Men det er viktig å minna om at vi gjer dette for at trafikktryggleiken og framkomet skal varetakast også i framtida, legg Fanebust til.


Sist oppdatert: 20.04.2022
Publisert: 20.04.2022