HjemNyheiterStatus for det nye helsebygget på Vaksdal

Status for det nye helsebygget på Vaksdal

Vi planlegg samlokalisering og flytting av pasientar frå Dale til Vaksdal i veke 45.
Publisert: 10.10.2024
Sist endra: 10.10.2024

Det nye helsebygget på Vaksdal er universelt utforma og oppfølgjer alle krav som er til slike bygg.

Det er 23 bebuarrom, av desse er 5 omsorgsbustadar og 18 omsorg pluss-rom.

I tillegg husar bygget mellom anna dagsenter, subtropisk vinterhage, treningsrom for fysio-/ergoterapeut, møterom, garderobar, personalrom og kvilerom.

Sjølve flytteprosessen er nøye planlagt tverrfagleg.

Vi vil arrangere åpen dag om ikkje lenge. Invitasjon kjem når dato er avklart. 

Vi gler oss til å ta bygget i bruk og er stolte av å endeleg kunne vise det fram til innbyggarane.