HjemNyheiterStatus for byggjearbeidet på Jamne

Status for byggjearbeidet på Jamne

Grunnarbeida med utgraving av tomten og utskifting av masser vil pågå i desember 2021 og i januar 2022. Det er behov for massetransport både frå og til byggeplassen. Arbeidet er organisert og tilpassa for å redusere ulempene for naboar så mykje som mogeleg. Det er ikkje massetransport mellom kl 07.00 og 08.00.

Gravearbeida i Jamnevegen og ved sjukeheimen i hovudsak ferdig, men asfaltering står att.  Arbeidet vert utført av BKK og legging av høgspentkabel og etablering av ny trafo vert avslutta i desember.

Alle som køyrer i området vert oppfordra til å vise aktsemd overfor gåande og spesielt med omsyn til barn som går til og frå skulen. Det er mørketid og viktig at alle mjuke trafikantar bruker refleks og at barn bruker refleksvestar.

På kartet nedanfor er transportvegane merka med gul farge. Hovudtyngda av transporten vil skje via den austre inngangen til byggeplassen slik at trafikken er til minst mogleg sjenanse for bebuarane i området. Områda er skilta med anleggstrafikk. Veg for massetransport er merka med rødt i kartet.

Kart over massetransport knytt til helsebygget


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 22.12.2021