Status Vaksdal Idrettspark

Den fyrste perioden etter hendinga med rør-kollaps under Vaksdal idrettspark vart brukt til akutt sikring av området og naudsynte avklaringar på stabilitet.

Deretter konkluderte me med, i samråd med geoteknisk fagekspertise, behov for nærare grunnundersøkingar for å stadfeste grunnforholda på staden. Dette er viktig for å ha best mogleg underlag for vidare arbeid med prosjektering og gjennomføring.

Underlag vart utarbeida for utlysing av arbeidet for grunnundersøkingar. Parallelt starta vi prosessen med å førebu utlysing av anbod for bistand til prosjektering. Grunnboringar er gjennomført i juni.

Prosjekteringsarbeidet er ein grunnleggjande del av underlaget når me lyser ut anbodet for entreprisen (heile jobben). Det er vanskeleg å anslå kva prosjekteringa vil krevje av tid. Dette vil mellom anna vere avhengig av resultata frå grunnundersøkingane og omfang/avgrensing. Omfanget heng særleg saman med kor omfattande ny rør-trasé for handtering av overvatn vert. Me har som mål å gjennomføre prosjektering i løpet av hausten.

Entreprisen vil vere av ein slik storleik at anbodet må lysast ut på Doffin. Ein anbodsprosess krevjar om lag 3-4 månader med blant anna tilbodsfrist, forhandlingar, frist for revidert tilbod, evalueringar, karenstid osb.

Etter val av entreprenør og tildeling av arbeidet, vil me sannsynlegvis kunne starte arbeidet relativt raskt. Oppstart kan då vere i løpet av 2. kvartal 2023. Tidfesting av lengde på anleggsarbeidet er utfordrande. Dette fordi omfanget er usikkert med omsyn til både grunn, overvasshandtering og eventuelle oppgraderingar/endringar utover noverande idrettsanlegg.

Foreløpig framdriftsplan for arbeidet:

  • Avtaleinngåing prosjektering: september 2022
  • Prosjektering: haust 2022
  • Ferdigstilt prosjektering: november 2022
  • Utlysing entreprise: desember 2022
  • Avtaleinngåing entreprise: mars 2023
  • Oppstart arbeider: april 2023
  • Ferdigstille arbeider: hausten 2023

Det er viktig å understreke at alle framdriftsestimat er førebelse og er avhengig av mange faktorar. Arbeidet har høg prioritet.

Det er uvisse med omsyn til omfang og krav til regulering i samband med arbeidet. Den foreløpige framdriftsplanen tek ikkje høgde for eventuelt reguleringsbehov.


Sist oppdatert: 27.06.2022
Publisert: 27.06.2022