Store skadar på kunstgrasbana i Vaksdal idrettspark

Kommunen har i dag hatt folk frå kommunalteknisk drift på synfaring i lag med Vaksdal idrettslag.

Kommunen har stengd av heile bana med sperreband og i morgon blir heile området sperra av med anleggsgjerde.

Vi ber om at alle respekterer at området er stengd av og ikkje går inn på bana.

Ordførar og kommunedirektør skal på synfaring i morgon, og vi vil komme tilbake med meir informasjon etter dette.

Kommunen og Vaksdal idrettslag vil jobbe saman om vidare handtering av hendinga for å få til gode løysingar så raskt som mogeleg.

Bilete av Vaksdal idrettspark skada av uver 29.januar 2022

Foto: Esben Hesjedal, Vaksdalposten


Sist oppdatert: 30.01.2022
Publisert: 30.01.2022