HeimNyheiterStreiken i kollektivtrafikken frå laurdag 26. september rammar òg skuleskyss.

Streiken i kollektivtrafikken frå laurdag 26. september rammar òg skuleskyss.

Streiken omfattar alle organiserte bussjåførar i Vestland og vil påverke all busstrafikk, inkludert skuleskyss. Den vil ramma dei elevane som har skuleskyss med buss. Streik er eit legitimt verkemiddel i lønskamp, og det vil alltid vera slik at ein tredjepart vil rammast av ein streik, i dette tilfellet elevane.

Skuleskyss med drosje

Skuleskyss med drosje vil  gjennomførast som normalt så lenge heile reisa normalt vert utført med drosje. For elevar som tar drosje til ein bussavgang, vil ikkje drosjetransporten kunne bli gjennomført. 

Undervisning og fråvær

Det vert ikkje ført fråvær for elevar som kjem for seint til skulen, eller som blir hindra frå å kome seg til skulen grunna streik i kollektivtrafikken. Undervisning skal som hovedregel gjennomførast på skulen. Foresatte må difor finne alternative løysingar for å få elevane på skulen så lenge streiken varar. For elevar som ikkje greier å kome seg til skulen skal få tilgang til vekeplan og kunne arbeide ut frå den heime.

Trafikktryggleik
Det vil bli mykje biltrafikk kring skuleveg og skuleområdet, så det er fint om de er ute i god tid og er obs på syklistar og gåande.  Køyr varsamt.

Vi beklagar dei ulempene dette fører med seg, ta kontakt med skulen om du har spørsmål


Sist oppdatert: 28.09.2020
Publisert: 28.09.2020