HjemNyheiterStrengare tiltak i kommunane rundt Bergen

Strengare tiltak i kommunane rundt Bergen

Forskrifta er innført etter eit hastevedtak frå kommuneoverlegen i kvar av kommunane, men det er viktig for oss å få fram at vi står saman. Ordførarane, kommunedirektørane/rådmenn og kommuneoverlegane i alle kommunane har jobba ilag for å få til dette, seier ordførarane i dei sju kommunane. 

Forskrifta er ei innstramming av dei nasjonale reglane på to punkt:

  • Kommunane innfører påbod om munnbind der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand innandørs på offentlege stader og arrangement.
  • Kommunane innfører 10 dagar karantene for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til ein som har fått påvist koronavirus. Forskrifta gjeld når det er påvist koronavirus med hurtigtest eller PCR frå og med 10. desember 2021, og det ikkje er mistanke om omikronvarianten.

Vi veit at ein stor del av smitten skjer i familiar. Dette vil difor vere eit effektivt tiltak for å bremse smittespreiinga, seier ordførarane.

Karanteneplikta gjeld for alle som bur ilag, uavhengig av alder, vaksinestatus og  gjennomgått koronavirus. Den gjeld også for dei som har hatt tilsvarande omfattande og fysisk nær kontakt som ein i husstanden, til dømes ein kjærast.

Forskrifta opnar for unntak for kritisk helsepersonell og andre som har samfunnskritiske jobbar etter ei grundig individuell vurdering og avtale med arbeidsgjevar. Den som får unntak skal i så fall følgje eit testregime og bruke smittevernutstyr, seier ordførarane.

Ordførarane i alle dei sju kommunane oppmodar innbyggjarane sine om å følgje dei nye reglane, som i første omgang gjeld til og med fredag 24. desember.

Trykk her for å lese forskriften. (PDF)


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 10.12.2021