HjemNyheiterTenk tryggleik - klipp hekken før skulestart

Tenk tryggleik - klipp hekken før skulestart

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Ein lovpålagt klipp

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

I desse dagar startar barna på skulen igjen og vi ynskjer at flest mogleg skal gå og sykle der det høver seg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vere synlege langs vegane

Klikke her for å lese korleis du skal klippe til hekken hos Statens vegvesen.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 12.08.2022