Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken.
Publisert: 06.08.2024
Sist endra: 06.08.2024

Vi oppmodar folk om å klippe hekkane i samband med skulestart.

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

I desse dagar startar barna på skulen igjen og vi ønskjer at flest mogleg skal gå og sykle der det høver seg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vere synlege langs vegane.

Du finn meir informasjon om kva krav som gjeld og korleis du bør klippe på nettsida til Statens vegvesen.