HjemNyheiterTenkjer du å fly drone i sommar?

Tenkjer du å fly drone i sommar?

Fly drone trygt, sjekk reglane slik at du ikkje trør feil.
Publisert: 04.07.2023
Sist endra: 23.08.2023

Det er sommar og ferietid, og mange brukar drone for å filme og fotografere i det flotte landskapet vårt. Det kan gje flotte bilete og gode minner.

Skal du bruke drone er det viktig at du set deg inn i reglane som gjeld for dette. Det er strenge reglar for droneflyging, og ver merksam på at ulovleg droneflyging er straffbart.