HeimNyheiterTesting, hurtigtestar og koronavaksinering

Testing, hurtigtestar og koronavaksinering

Testing – kva gjer du?

Treng du å få tatt ein koronatest må du ringje koronatelefonen for avtale. Testinga skjer i Dalehallen. Denne veka (veke 47) er det ope for testing måndag-onsdag-fredag frå 09.00 til 11.00. I neste veke (veke 48) har vi ope kvar dag.

Hurtigtest – korleis får du tak i den?

Vi har hurtigtestar til utlevering til deg som fyller eit av kriteria under. Du må ringje koronatelefonen for å avtale utlevering. Utleveringa er i Dalehallen.

Du får gratis hurtigtest om:

  • Du har symptom på luftvegsinfeksjon
  • Du er husstandsmedlem med ein som har fått påvist Covid-19
  • Du er uvaksinert og/eller er definert som nærkontakt til ein med påvist Covid-19
  • Du er uvaksinert og arbeider i helsesektoren

Fyller du ikkje eit av kriteria, men ønskjer å ta ein hurtigtest kan du kjøpe den på apoteket.

Koronatelefonen: 453 77 777 - måndag-onsdag-fredag kl 09.00 - 11.00

Vaksinering mot Covid-19

Er du ikkje vaksinert og vil ha vaksine, ring vaksinetelefonen for avtale. Dette gjeld om det er første, andre eller tredje dose (for dei som fyller kriteria) med vaksine.

Vaksinetelefonen: 966 34 327 – måndag til fredag 09.00 – 14.00


Sist oppdatert: 23.11.2021
Publisert: 23.11.2021