HjemNyheiterTilbake til nasjonale smittevernreglar og anbefalingar frå måndag 22.februar

Tilbake til nasjonale smittevernreglar og anbefalingar frå måndag 22.februar

Etter ein periode med ekstra smittevernreglar og -anbefalingar i vår region, som følgje av utbrot av muterte variantar av koronaviruset, vurderer regjeringa og helsemyndigheitene det slik at smittesituasjonen no er under kontroll.

Frå midnatt natt til måndag 22. februar går Vaksdal kommune difor over til å følgje dei nasjonale smittevernreglane og -anbefalingane, og ikkje lenger ekstra tiltak for vår kommune eller region.

Dette betyr mellom anna at det ikkje lengjer er påbud om heimekontor, men det er fortsatt anbefalt å ha heimekontor for dei som kan. Serveringsstader kan igjen skjenke alkohol, så lenge dei følgjer reglane for skjenkestopp, avstand og registrering av gjester. 

Trykk her for å lese dei nasjonale smittevernreglane- og anbefalingane.

Forskrifta om smittevernfagleg drift på byggeplassar gjeld fortsatt.

Forskrifta er ikkje lenger gyldig.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 19.02.2021