Tilskot frå interkommunalt viltfond til fremjing av viltet
Fondet er eit felles fond mellom nemnde kommunar, med midlar frå BKK etter Eksingdalsreguleringa.
Aktuelle søkjarar er villreinutval-/nemnd, grunneigarlag, hjortevald, jakt- og fiskarlag med fleire.
Vedteken handlingsplan skal liggje til grunn ved handsaming av søknadar:
- Tiltak med bakgrunn i forvaltnings- og driftsplanar skal vektleggjast (både offentlege og privatrettslege planar).
- Tiltak som fremjar bestandsforvalting på tvers av kommunegrensene har prioritet (t.d. villrein, hjort og småvilt).
- Midlane skal vera med å fremja lokal kunnskap- og kompetanseutvikling og rekruttering hjå unge.
- Det kan gjevast tilskot til kartleggings, utgreiings- og informasjonstiltak.
- Det kan òg løyvast midlar til ikkje jaktbare artar.
- Tilskot skal hovudsakleg vera delfinansiering. Det er ein fordel om midlane medverkar til statleg finansiering av tiltak/prosjekt.
Trykk her for å meir informasjon.
Søknadar med prosjektskildring og budsjett/finansieringsplan, skal sendast til Vik kommune
Kontaktperson Vaksdal kommune Tore Henrik Øye
Mobil: 911 27 337
Sist oppdatert:
28.02.2022
Publisert:
28.02.2022