Tilskot til inkluderande aktivitetar
Har du ein god idé om korleis vi kan skape endå meir aktivitet og inkludering i kommunen vår?
Då kan du søkje støtte her.
Dette kan vere ein heilt ny aktivitet, eller ei endring i ein noverande aktivitet som vil føre til at fleire kan delta.
Momenter vi vil legge vekt på, kan vere:
- At tiltaket er inkluderande. Til dømes at alle innanfor ei viss aldersgruppe kan delta. Du må skissere ein konkret plan for korleis du vil få til dette.
- Samarbeidstiltak mellom ulike lag og organisasjonar vil bli prioriterte.
Du må legge ved budsjett, og gjennomføre tiltaket i løpet av 2025.
Send søknaden til:
Merk søknaden med «Tilskot til inkluderande aktivitetar».Du må ikkje sende sensitive personopplysningar i søknaden.
Har du spørsmål, ta kontakt med Renathe Vik:
- E-post: renathe.vik@vaksdal.kommune.no
- Telefon: 911 79 673
Sist oppdatert:
24.09.2024
Publisert:
24.09.2024