HeimNyheiterTilskot til ålment kulturarbeid

Tilskot til ålment kulturarbeid

Tilskot til ålment kulturarbeid vert tildelt lag og einskildpersoner som i hovudsak ikkje har born og unge som si hovudmålgruppe, til dømes:

  • Tilskot til einskildarrangement. Tilskipar legg ved informasjon om arrangementet, samt eit budsjett i balanse for tilskipinga.
  • Tilskot til særskilde føremål. Til dømes startstilskot, publikasjonar og liknande som kjem innbyggjarane i Vaksdal kommune til gode.
  • Tilskot til 17. mai komitear. Tilskotet vert fordelt etter tal born.
  • Tilskot til 1. mai feiring. Tilskotet vert basert på omland og deltakarar

Utbetaling skjer to gongar kvart år. Søknadsfrist første gong er 1. februar, resterande tilskot er 1. september.

Sjå krav og søknadsskjema her


Sist oppdatert: 28.08.2023
Publisert: 28.08.2023