HeimNyheiterTilskot til etablering i kommunen – ei endring og ei presisering

Tilskot til etablering i kommunen – ei endring og ei presisering

Kommunestyret i Vaksdal gjorde i møtet 18.juni ei presisering i forhold til verdibrevet til unge i Vaksdal, og ei endring i etableringstilskotsordninga vår.
Publisert: 25.06.2024
Sist endra: 25.06.2024

Presiseringa knytt til unge i Vaksdal med verdibrev

«Unge i Vaksdal kommune som har verdibrev frå kommunen når dei går ut 10. klasse, får i tillegg tilskot pålydande verdibrev. Verdibrevet er personleg og kan nyttast ein gong til etablering i kommunen, og må nyttast innan fylte 35 år.» 

Ulike tolkingar av regelverket

Regelverket vårt vart endra 1.1.2023. I samband med dette kan det ha vore ulike tolkingar av regelverket. Derfor var det no viktig med ei presisering.

Moglege feil i handheving av regelverket vil bli retta opp

Det er mogleg at nokre søkjarar urettmessig har fått avslag på utbetaling av tilskotet på kr 25.000,-. Kommunen vil gå gjennom søknadene for å identifisere moglege feil, og etterbetale dette.

Meld gjerne inn til oss om du meiner at du urettmessig har fått avslag

Meiner du at du har du fått avslag på utbetaling av verdibrevet? Send oss gjerne ei melding:

post@vaksdal.kommune.no

Tilskotsordninga for nybygg i Eksingedalen, Eidslandsområdet og Bergsdalen vert utvida

På kommunestyremøtet kom det óg eit tilleggsforslag som vart vedteke:

«Tilskotsordninga for nybygg i Eksingedalen, Eidslandsområdet og Bergsdalen vert utvida til å også gjelde bustadar med postadresse Stamnes.»

Her finn du utfyllande informasjon  om tilskotsordninga

Vi vil starte gjennomgangen av søknader når ferien er ferdig avvikla.