Du kan lese om retningslinjene for ordninga på nettsida til regjeringa.
Tilskot til høge straumkostnader til lag og organisasjonar
Vaksdal kommune har fått 168.000 kroner frå staten til å dekka høge straumutgifter til lag og organisasjonar gjennom vinteren.
På same måte som private husstandar, får lag og organisasjonar no høve til å få dekt delar av dei høge straumkostnadane for perioden desember til mars.
Ordninga gjeld organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret. I tillegg til tradisjonelle medlemsorganisasjonar, vil ordninga óg gjelda ideelle samskipnader som eig ulike typar forsamlingslokale.
Det vil óg vera mogleg å få dekt straumkostnader i leigde lokale der leigetakar betaler straumen.
Send søknad til:
Om de allerede har søkt treng de ikkje å søkje her.
Dei som søker må oppgi:
- Namn på organisasjon
- Organisasjonsnummer
- Kontaktinformasjon
- Kontonummer
- KWt forbruk desember og januar
Du må leggje med straum- eller fjernvarmerekning for desember og januar som vedlegg.
Med utgangspunkt i gjennomsnittlege prisar for perioden, gjeld følgande støttesatsar:
- Desember: 59 øre per kWt
- Januar: 57 øre per kWt
- Februar: 38 øre per kWt
- Mars: 66 øre per kW
Totalt har Kulturdepartementet fordelt 250 millionar kroner i straumstøtte for frivillig sektor til kommunane. Vaksdal kommune har i første omgang fått kr 168.000,-.
Har du spørsmål om ordninga?
Ta kontakt med økonomisjef Kenneth Stokke.
- Telefon: 908 40 932