HeimNyheiterTilskot til inkludering av barn og unge – søknadsfrist 17. desember

Tilskot til inkludering av barn og unge – søknadsfrist 17. desember

Frivillige organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar kan søke Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om tilskot.

Målsetting

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha mogelegheit til meistring og samfunnsdeltaking.

Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Søknadsfrist for tilskotsåret 2022 er 17. desember 2021.

Trykk her for å lese meir om ordninga, korleis du søker og tips til korleis du skriv ein god søknad på bufdir.no.

Kontakperson i Vaksdal kommune, einingsleiar barnehage, kultur og inkludering Gunn E. Melgård Aase .

Mobil: 412 33 585

E-post: Gunn.Melgard.Aase@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 24.11.2021
Publisert: 24.11.2021