HeimNyheiterTiltak for å bremse smitteutviklinga i regionen

Tiltak for å bremse smitteutviklinga i regionen

Kommunane går saman etter råd frå Folkehelseinstituttet og helseminister Bent Høie.
– Vi er ein felles bu- og arbeidsregion. Mange av innbyggjarane våre pendlar til og brukar kultur- og tenestetilbod i nabokommunar.
– Vi ser også at smitten vandrar over kommunegrensene. Smittesituasjonen vi har no er vår felles utfordring. Difor er det naturleg at vi gjer dette ilag.
Kommunane jobbar med ei forskrift, som skal vedtas i kvar kommune.
Heile lista over nye tiltak er ikkje klar, men vi vil allereie i dag melde at vi vil innføre:
  • Ny maksgrense på 5 personer i privat heim – det er unntak for familiar som er fleire enn fem og barn som er i samme kohort i barnehagen eller på barneskulen.
  • Påbod om heimekontor for alle som kan ha heimekontor.
  • Påbod om digital undervisning for høgskule og universitet.
  • Raudt nivå på vidaregåande skular.
  • Breiddeidrett for vaksne over 20 år blir stengt.
  • På same måte vil vi si nei til (til dømes) korøving og korpsøving for vaksne.
Vi ønskjer å vere tydelege allereie i kveld, men vil understreke at vi ikkje er ferdige med alle vurderingar, og vil bruke kvelden og formiddagen i morgon på å kvalitetsjekke og sikre detaljane i det.
Tiltaka vil vare i 2 - 4 veker.
Vaksdal kommune har i dag ein ny person med koronasmitte i dag. Vedkommande er i isolasjon, og nærkontaktar er satt i karantene.

Sist oppdatert: 05.11.2020
Publisert: 05.11.2020