HjemNyheiterTiltak mot fugleinfluensa

Tiltak mot fugleinfluensa

Det er funnet smittsam fugleinfluensa på villfugl fleire stader i landet, mellom anna på ein måke i Bergen. I dette høve fryktar Mattilsynet overføring av viruset til fjørfehaldet, inkludert hos dei som held høns som hobby. Mattilsynet har difor innført fleire førebyggjande tiltak:

  • Portforbud -  alle høns skal vere innandørs eller i innhegning med tett tak.
  • Registreringplikt for alle som har høns. Registrering skal gjerast på Mattilsynet sine nettsider.
  • Plan for godt smittevern og gode hygienereglar. Unngå fôrsøl.

Trykk her for å komme til Mattilsynet sine nettsider for nærare og oppdatert informasjon.

Her er det mellom anna lagt ut gode råd for deg som har høns i hagen.

Mattilsynet oppfordrar folk som ferdast langs sjø, vatn og våtmarksområde om å melde frå ved funn av sjuke eller daude fuglar av følgjande artane: måkefugl, vaderar, rovfuglar og åtseleterar (kråke og ravn).

Mattilsynet melder dette om smitte til menneske:

- Det er ingen tidligere kjente tilfeller av smitte fra fugl til mennesker med dette viruset, og smitterisiko til mennesker vurderes som svært lav.

Kontaktperson i kommunen: Tore Henrik Øye

Telefon:  911 27 337

E-post: tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 15.12.2020