HeimNyheiterTorsdag 15. april begynner det nasjonale bålforbudet

Torsdag 15. april begynner det nasjonale bålforbudet

Du kan framleis grille, du kan brenne i bålpanne med tørr og rein ved, eller bruke grillkol i eigen hage.

Du kan og grille på eigna stader der det er tillate, som til dømes i einskilde parkområde eller i strandkanten. Det er lov å gjere opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann. All bålbrenning er på eige ansvar.  

Bålvettreglane

All brenning skal utførast på ein forsvarleg og varsam måte. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. Følg desse bålvettreglane:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Bålet må haldast under oppsyn og kontroll.
  • Sørg for at born held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettantennelege klede. 
  • Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg vatn. Finns det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar.

Eingongsgrill og bålpanner

Vær svært varsam med bruk av eingongsgrill. Slike er ofte årsak til brann i skog og mark, og i bosspann og bosscontainarar. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillen må sløkkast skikkeleg med vatn og leggjast i ein egen metallbehaldar etter bruk.

Flatebrenning

Flatebrenning eller brenning av hogstavfall, samt gras- og lyngsviing må meldast til brannvesenet. Det skal vere ein ansvarleg leiar for brenninga, det må utarbeidast planar og sørgjast for at brenninga blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne typen brenning er lov også i tidsrommet 15. april-15. september.


Sist oppdatert: 13.04.2021
Publisert: 13.04.2021