HjemNyheiterUlukka i Modalen

Ulukka i Modalen

Me har vore i kontakt med ordførar og rådmann i Modalen for å uttrykke vår medkjensle etter den tragiske ulykka i går. Me har gitt tilbod om støtte der dei måtte trengje det frå oss og våre tilsette.

Det er tette band mellom kommunane våre og tragedien har i dag vore tema i samtalar med elevar i fleire av skulane våre.

Om du som bur i Vaksdal treng nokon å snakke med i denne situasjonen kan du ringje mob 48 88 03 12.

Ta vare på kvarandre.

Hege Eide Vik

Ordførar


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 08.02.2023